6.juli – 26.august

Eg er det tilfeldige sin plan og meitemarken si reise

Kurt Johannessen; teikningar, performance og artist`s books

Agder Kunstnersenter

 

Utstillingen ble åpnet fredag 6. juli kl 18.00

Åpningsforedrag av Gunvald Opstad

 

Om utstillingen;

Utstillingstittelen «Eg er det tilfeldige sin plan og meitemarken si reise» er ei setning henta frå ei av Kurt Johannessens mange «artist’s books». Tittelen kan gi ein assosiativ inngang til kunsten hans, som er prega av både det langsame nærværet og av innfallsrike fabuleringar. Tittelen kan også vere eit bilete på korleis ei teikning blir til – korleis streken utfaldar seg på arket.

Den norske performancekunstnaren Kurt Johannessen (f. 1960) har teikna jamt sidan han først markerte seg tidleg i 1980-åra. Utstillinga fokuserer på teikning som handling gjennom eit utval av verk frå den omfattande kunstnarskapen til Kurt Johannessen.

Performancekunsten har gitt rom for ei reindyrking av teikninga som handling og prosess. Kunstnarar som i 1960-åra vende seg bort frå det konvensjonelle kunstobjektet til fordel for flyktige happeningar og prosesskunst, var trekte mot teikninga fordi ho er så direkte og gjennomsiktig – og fordi ho har den heilt spesielle eigenskapen at ho viser korleis ho sjølv blei til. Likskapen mellom teikninga og den performative verksemda kan summerast med eit sitat tilskrive Richard Serra: «Drawing is a verb.

Utstillinga viser verk av Kurt Johannessen gjennom tjuefem år. Ved sida av å gi eit tverrsnitt av dei skiftande interessene som pregar Kurt Johannessens kunst, gir utstillinga eit annleis men like fullt grunnleggjande perspektiv på kva ei teikning er og kan vere.

Utstillingen er en vandreutstilling produsert av Bergen Kunstmuseum og Nasjonalmuseet for Kunst, Arkitektur og Design.

 

 

Utstillingen sto fra 6.juli til 26.august

Galleriets åpningstid er onsdag til søndag kl 12-16

Kurt Johannessen holdt en performance på Agder Kunstnersenter lørdag 18 august kl 14.00.

 

Publikumsomvisninger i utstillingen;

lørdag 04 august kl 14.00

lørdag 11 august kl 14.00

lørdag 25 august kl 14.00

Omvisningene er gratis.